Uttale frå kommunedirektør Ørjan Haram

kommunevåpen - Klikk for stort bilete

Eg takkar for moglegheita til å få vere kommunedirektør i Høyanger kommune. Det har vore lærerikt på mange måtar. Eg er stolt over det vi har fått til saman i mi tid i Høyanger. 

Det har vore ei krevjande tid for mange i Høyanger etter at varslingssaka blei kjent. Det har vore ein lang prosess for tilsette, politikarar og meg. Det blei naturleg for Høyanger kommune og meg å skilje lag når prosessen var avslutta. 

Eg takkar for meg, og ønsker Høyanger kommune og alle dyktige tilsette lukke til på vegen vidare.