Velkomen til Tryggleiksveka 2026!

14 september – 20 september

Tema. «Den trygge boligen»

I veke 38 inviterer Høyanger kommune igjen til Tryggleiksveka – ei veke fylt med aktivitetar, kunnskap og gode møteplassar for heile befolkninga.

Årets hovudtema er den mobile utstillinga «Den trygge boligen» frå SKAFOR. Utstillinga står i festsalen på samfunnshuset og viser korleis enkle tiltak kan gjere bustaden tryggare og bidra til å førebyggje fall, brann og andre ulukker i heimen. Målet er å inspirere fleire til å kunne bu trygt og godt heime lengst mogleg.

Tryggleiksveka er eit resultat av det gode samarbeidet mellom frivillige lag og organisasjonar, kommunale tenester, nødetatane, Sivilforsvaret og andre samarbeidspartnarar. Saman ønskjer vi å skape engasjement for tryggleik, førebygging og folkehelse – og vise kor mykje vi kan få til når vi løftar i lag. Dette samspelet er òg noko Høyanger kommune har fått nasjonal merksemd for gjennom SKAFOR sitt arbeid med Trygge lokalsamfunn.

Vi håpar mange tek turen innom arrangementa gjennom veka. Alle aktivitetane er gratis, og vi ønskjer både små og store velkomne!

Du kan lese meir om utstillinga her: Den trygge boligen - Skadeforebyggende forum

Plakat over tryggleiksveka 2026 - Klikk for stort bilete
Kristina Skogly
SLT og Folkehelsekoordinator
Telefon 57 71 15 05