Vil du påverke idrett og kultur i Høyanger? No kan du seie di meining!

Høyanger kommune har starta arbeidet med å utarbeide ny kommunedelplan for idrett, kultur og fritid. Planprogrammet er no lagt ut på høring, og vi ønskjer dine innspel!

Kommunedelplanen er eit viktig verktøy som fortel kva kommunen skal prioritere i sitt arbeid med idrett, kultur og fritid. No er vi i den første fasen av arbeidet, der sjølve "oppskrifta" for planen (planprogrammet) er lagt ut til offentleg ettersyn. 

Dette er din sjanse til å seie noko om kva tema du meiner er viktigast at planen tek føre seg.

Les meir om planen og sjå dokumenta her

Jeanette Wølke Friis Walsvik
Einingsleiar kultur og mangfald
E-post
Telefon 57 71 15 71
Mobil 90 07 61 39