Varsel om planoppstart og høyring av planprogram - kommunedelplan for idrett, kultur og fritid

Høyanger kommune skal utarbeide ein ny kommunedelplanen for idrett, kultur og fritid, og varslar med dette oppstart av planarbeidet. Planprogrammet for idrett, kultur og fritid vert no sendt ut på høyring.

Bilde av paviljongen med byporten i bakgrunnen - Klikk for stort bilete Anita Nordheim

Planutvalet vedtek, jf. plan- og bygningslovens §11-13 å legge planprogram for kommunedelplan for idrett, kultur og fritid ut på høring og offentlig ettersyn i perioden 21.04.2026 – 05.06.2026.

Kva er eit planprogram?
Planprogrammet er ein plan for sjølve planarbeidet. Det er lovpålagt at kommunen skal ha eit slikt program (plan- og bygningslova § 4-1). No vert planprogrammet lagt ut på høyring, og alle interesserte vert oppmoda til å komme med innspel.

 

Høyringsdokument

I dokumentet kan du lese meir om rammene for planarbeidet, målsetjingane for kommuneplanen, sentrale tema som skal utgreiast (fokusområde), framdriftsplan og korleis medverknad skal organiserast.

Kommunedelplanen for idrett, kultur og fritid
Høyanger kommune skal utarbeide ein ny kommunedelplan for idrett, kultur og fritid. Planen erstatter Kommunal plan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv 2015. Det er framleis eit mål at planen skal medverke til at det blir lagt til rette for auka fysisk aktivitet for alle aldersgrupper i heile kommunen. Gode anlegg og tilgjengelege område for idrett og fysisk aktivitet er sentrale verkemiddel for å nå målet om at fleire skal vere i aktivitet. Dette er eit felles ansvar for kommunen, lag og organisasjonar og den einskilde innbyggjar. Samarbeid og samhandling på tvers av sektorar og aktørar er avgjerande for å lukkast.

Vil du sjå kva som gjeld i dag? Da kan du kan lese den noverande plan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv.

Sei di meining!
Dette er ein plan som skal leggje føringar for utviklinga i kommunen dei kommande åra og no inviterer vi deg som innbyggjar, medlem i eit lag eller ein organiasjon eller andre aktuelle aktørar til å kome med innspel.
Du kan sende dine innspel til planprogrammet på e-post til: postmottak@hoyanger.kommune.no,
eller per post til:
Høyanger kommune, Postboks 159, 6991 Høyanger.

Høyringsfrist: 05.06.2026

Utarbeida kommunedelplan for idrett, kultur og fritid vert lagt ut på høyring seinare.