Lavik er ferjestaden som «aldri» søv, og tettstaden verkar som ein inngangsport til nordsida av Høyanger kommune når du kjem i land med ferja. I Lavik kan du nyte varme sommardagar langs idylliske strender og vekkgjømte viker i eit velhalde kulturhistorisk parkområde eller ta turen til fjells på ein av dei mange flotte toppane i nærområdet. I bygda møter du folk med stor drivkraft som ønsker å få ting til å skje. Og her er det sjølvsagt plass til fleire. Ta sjansen på Lavik du og!
Tomteinformasjon
Aust for sentrum i Lavik ligg eit veletablert byggefelt med utsikt til fjorden og fjellet. Her har kommunen 2 ledige tomter med ein storleik på høvesvis 1546 m2 og 790 m2. Bustadfeltet er tilrettelagt med veg, vatn, avlaup og klargjort for straumtilkopling.
Tomt 1 er oppmålt medan ein må reken med tilleggskostnad knytt til oppmåling for tomt 2.
Ver merksam på at det i tillegg til kjøpesum kjem gebyr i samband med tinglysingsprosessen, som omfattar dokumentavgift (2,5 % av kjøpesum) og tinglysingsgebyr.
Sentrum og fasilitetar
I Lavik sentrum finn du blant anna Lavik Fjordhotell, Lavik Kro, daglegvarebutikk, klesbutikk, bibliotek og helsetun.
Aktivitetar og lokalmiljø
Lavik har aktivt lokalsamfunn med mange lag og organisasjonar som tilbyr ulike aktivitetar for ung og og eldre gjennom heile året. Her finn du mellom anna idrettslag, skulekorps, og frilufts- og nærmiljøgrupper. Oppdatert informasjon om lokale tilbod og aktiviteter finn du på Friskus. For meir informasjon om kvifor Lavik kan vere den perfekte staden for deg, sjå denne lenkja.
Avstandar
- 49 km til kommunesenteret Høyanger
- 50 km til næraste flyplass Bringeland
- Eit steinkast unna lokalt sentrum, skule, hurtigbåtkai og ferjesambandet Oppedal-Lavik.
- 60 km til regionbyen Førde og du tek deg til Bergen på under to timar (116 km)
Med hyppige avgangar hjå ferje, hurtigbåt og buss, er Lavik eit knutepunkt som knyter deg til nærliggande byar og tettstadar med kultur, utdanning og servicetilbod. Lavik er ein naturleg stoppestad for dei som reiser gjennom Vestlandet, anten ein skal vidare nordover, inn i Sogn, eller vestover til Bergen.
Ta kontakt
Ta kontakt med oss for meir informasjon, eller bli med på ei uforpliktande visning! Her får du moglegheita til å utforske tomtene, stille spørsmål og bli betre kjend med området.
Relevante lenker:
Reguleringsplan og føresegner
Husbanken
Startlån til bustad