Bu- og miljøtenesta

Bu- og miljøtenesta har ansvar for tenester til menneske med ulike typar nedsett funksjonsevne. Dette omhandlar tenester til menneske med utviklingshemming, andre kognitive funksjonsnedsettingar og tenester til menneske med langvarige behov innan rus- og/ eller psykiske lidingar.

Tenestene vert levert i omsorgsbustader med heildøgnsbemanning, praktisk bistand i brukars heim, eller dei vert organisert som brukarstyrt assistanseordningar (BPA) i brukars heim. Eininga har ansvar for avlastningstenester, omsorgsstønad, støttekontakt-/treningskontaktteneste, og tilrettelegging av dagtilbod saman med Høyanger arbeid- og aktivitetssenter.

Tenestene vert tildelt etter søknad.

For å søkje om tenester nyttar du skjema søknad om pleie- og omsorgstenester.

Søknad om helse- og omsorgstenester - elektronisk

Søknad om helse- og omsorgstenester - pdf

Søknaden rettast til tiltaksteamet. 

Linn Christin Fløholm
Einingsleiar for bu- og miljøtenesta
E-post
Telefon 57 71 15 84
Mobil 99 21 93 15