Koronavirus - Covid 19

Kommunen har etablert beredskap i samband med utbrotet av koronavirus. Kommuneleiinga og smittevernlegen følgjer situasjonen og utviklinga tett.

Status pr 31.03.2020: Ingen nye smittetilfelle. 

Vi gjer alt vi kan for å hindre og førebygge smitte. Har du symptom du halde deg heime frå jobb, og ved forverring med hoste/feber/tungpust ring legekontoret. VIKTIG: At vi alle følger generelle tiltak med avstand og god hygiene. HUGS: For dei fleste er dette ein mild sjukdom, det er dei eldre og sårbare vi må passe på! Ta vare på kvarandre! 

Nasjonale tiltak er forlenga til 13. april.

Her finn du meir informasjon om situasjonen og tiltak frå Høyanger kommune

Spørsmål om koronaviruset?
Ring informasjonstelefonen for korona på telefon - fellesnr 992 19 398, kvardagar mellom kl. 10:00-13:00 eller nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Helse og omsorg

Hovudmål for tenesteområdet helse og omsorg

Alle innbyggjarane i kommunen skal ha tilgang på gode helse- og omsorgstenester. Utgangspunktet for desse tenestene er Høyanger helsesenter, Lavik helsesenter og Sørsida bygdetun.

Innbyggjarane skal gjennom folkehelsearbeid og førebyggande tenestetilbod få meir kunnskap for sjølv å ivareta eiga helse og livskvalitet. Tenesteområdet skal rettleie og motivere innbyggjarane til dette gjennom alt førebyggjande og helsefremjande arbeid.

Arbeid med barn, eldre og unge funksjonshemma skal prioriterast.

Samhandling og ressursutnytting på tvers av etatsgrenser og faggrupper i kommunen skal styrkast og fremjast, og tenesteområdet skal vere pådrivar og premissleverandør samt påverke andre etatar til å tenke miljø og helse i deira arbeid.

Administrativt arbeid, ressursutnytting og tenester til brukarane skal vere av høg kvalitet.

Publisert av Anita Taftø. Sist endra 24.04.2017