Dagtilbod - Høyanger Dagsenter

Dagtilbodet ved Høyanger Dagsenter gjeld for heimebuande eldre. Her får du høve til å delta i eit fellesskap og fylle behovet for sosialisering og aktivitet.

Kven kan få tilbodet?

Høyanger Dagsenter er eit tilbod til eldre og menneske med ulike helseplager og som har vanskar med å delta i samfunnet. Her får du tilbod om middag, ettermiddagskaffe, trim og andre aktiviterar og sosialt samvær.

Vårt mål er å 

  • gi tilbod om aktivitetar
  • bryte einsemd og etablere kontakt
  • gi avlastning til pårørande
  • lage eit miljø der tryggleik og glede står i fokus
  • skape kontakt mellom dei som bur heime og dei som bur på institusjonen

Opningstider

Høyanger Dagsenter har ope 4 dagar pr. veke (måndag, tysdag, torsdag og fredag).

Kva kostar det?

Betalingssats for opphald ved Høyanger Dagsenter vart sist endra i kommunestyret den 14.12.2023 i sak 123/23.

  • Dagplass pr. person er i 2024 kr. 110,-.
  • Middagspris med dessert pr. porsjon er i 2024 kr. 112,-.
  • Middagspris utan dessert pr. porsjon er i 2024 kr. 87,-.

Slik søkjer du

Du bruker søknadsskjema for pleie- og omsorgstenester for å søkje om dagtilbod.

Søk om helse- og omsorgstenester - elektronisk

Søknadsskjema pleie- og omsorgstenester - papir (PDF, 51 kB)

Kontaktinformasjon Høyanger Dagsenter

Kontaktinformasjon Høyanger Dagsenter
Namn Stilling Telefon
Høyanger Dagsenter 456 36 197
Thomas Rørvik
Einingsleiar fysikalsk avdeling
E-post
Telefon 57 71 16 61
Mobil 99 21 93 41