Dei kommunalt tilsette fysioterapeutane har kontor på Høyanger Helsesenter, i tillegg driftar dei utekontor ein dag i veka ved Lavik Helsesenter og Sørsida bygdetun.
Kven kan få tilbodet?
Menneske i alle aldersgrupper, som i samband med skade, sjukdom, funksjonsvanskar eller andre livsendringa, har vanskar med å meistre eigen kvardag.
Korleis får vi tilbodet?
Ved å ta kontakt med tenesta på telefon eller ved å ta kontakt direkte på besøksstad. Vi tek også i mot meldingar frå fastlegar, sjukehus og andre. E-post kan også brukast for å få kontakt, men hugs at det ikkje må sendast sensistiv informasjon på e-post.
Kva tenestetilbod har vi?
Vi tilbyr ulike former for oppfølging av fysioterapeut, mellom anna:
- treningsgrupper
- oppfølging av barn og unge, i samarbeid med helsestasjon, barnehage og skule
- oppfølging av vaksne og eldre, samarbeid med relevante tenester
- rehabilitering og anna oppfølging i institusjon
- heimerehabilitering
- vurdering, tilpassing og oppfølging av hjelpemiddel
- kvardagsmeistring
Slik når du oss
Dei kommunale fysioterapeutane held til i tredje etasje på Høyanger Helsesenter, Storgata 10, 6993 Høyanger. Du kan ta kontakt på telefon, eller direkte på fysioterapilokalet.
Vi tek óg imot tilvisingar frå fastlegar og spesialisthelsetenesta, tilvisingsskjema kan sendast til:
Høyanger kommune
Avdeling for Fysikalsk medisin og rehablitering
Postboks 159
6991 Høyanger
Kommunale fysioterapeutar
oversikt over kommunale fysioterapeutar
Kva kostar det?
Du må betale eigenandel for oppfølging av fysioterapeut, uavhengig av diagnose.
Følgande grupper er likevel unnateke krav om eigendel:
- Barn og unge under 16 år
- Personar med dokumentert yrkesskade, der oppfølginga har samanheng med skaden
- Personar som er inneliggande i institusjon, og som betaler døgnpris for opphaldet
Eigenandelar for fysioterapibehandling i den offentlege, kommunale helsetjenesta er utgifter som blir begrensa av egenandelstak 2. Frå 1. januar 2021 er det felles frikort for fysioterapi og blant anna lege. Vaksne over 16 år vil betale eigenandel etter fastsette taksar inntil frikorttaket på kr. 3040 i 2023. Du betaler då ein offentleg fastsett eigendel for oppfølginga. Ved innbetaling over kr. 3040 i 2023 vil du automatisk få tilsendt Frikort for helsetenester for eigendelstak 2.
Dersom du ikkje kan møte til avtalt time hos fysioterapeut, må du gje melding om dette seinast dagen før avtalen. Dersom du ikkje møter til oppsett time, og ikkje har gjeve beskjed om at du ikkje kan komme, lyt du betale for timen. Betaling for manglande oppmøte gjeld også dersom du har frikort.
Kan du klage på tilbodet?
Du kan klage på alle helse- og omsorgstenester. Les meir om korleis du kan klage på helse- og omsorgstenester.
Klage kan du sende til Høyanger kommune, v/avdeling for Fysikalsk medisinsk og rehabilitering, postboks 159, 6991 Høyanger.