Heimehjelp er eit tilbod til deg som grunna sjukdom og nedsett helse treng praktisk hjelp for å greie daglege gjeremål. Heimehjelp kan omfatte reingjering av rom som er i dagleg bruk, skifte av sengetøy, vask av klede i vaskemaskin og innkjøp av matvarer. Klarer du ikkje slike praktiske gjeremål, kan du søkje om heimehjelp.
Kva kan du få hjelp til?
Du kan få hjelp til
- alminneleg reingjering av rom som er i dagleg bruk; gulvvask, støvsuging og vask av bad/toalett
- vask av kle i vaskemaskin
- skift av sengetøy
- å handle inn naudsynte hushaldsvarer
Oppgåver som heimehjelp ikkje inkluderer
- stryking av klede
- reingjering av område over "skulderhøgd" eller av rom som ikkje er i bruk
- hagearbeid
- nedvask
- baking
- rydding og vasking etter besøk av friske pårørande eller andre besøkjande
- hjelp til kjæledyrhald
- frakting av boss til bossfylling
- gjere i stand til høgtider
- flytting av møblar
Må du betale for heimehjelp?
Du må betale eigendel på heimehjelp. Dette er regulert etter inntekta i husstanden. Eigendelen er fastsett av kommunestyret.
Frå 2021 er det følgjande betalingssatsar for heimehjelp:
Nettoinntekt |
Timesats inntil 8 timar pr mnd |
Abonnement 9 timar pr månad eller meir |
Prisliste heimehjelp frå 2021
0G - 2G |
Kun abonnement |
Maksimalt vederlag pr månad (utgiftstak) fastsett i forskrift om egenandel for kommunale helse- og omsorgstjenester. Pr 1. januar 2021 er denne satsen kr. 210,-. |
2G - 3G |
kr. 163,- |
kr. 1.467,- |
3G - 4G |
kr. 213,- |
kr. 1.917,- |
4G - 5G |
kr. 264,- |
kr. 2.376,- |
over 5G |
kr. 315,- |
kr. 2.835,- |
Sist endra06.01.2021 08.40