Hjelpemiddel

Eit hjelpemiddel er ein gjenstand som bidreg til å redusere praktiske problem for personar med nedsett funksjonsevne. Hjelpemiddel kan gje betre funksjon, eller det kan kompensere for tapt funksjon. 

Kven kan få tilbodet?

Dersom du har nedsett funksjonsevne på grunn av skade eller sjukdom, kan du få låne hjelpemiddel for ein kortare eller lengre periode.

Kortvarig utlån:

Du som har behov for enkle hjelpemiddel til dømes etter ein operasjon eller eit brot, kan låne hjelpemiddel frå kommunalt korttidslager.

  • Dersom du har eit kortvarig behov for enklare hjelpemiddel, kan du få låne dette av Høyanger kommune
  • Vi har kommunale utlånslager følgande stader: Høyanger Helsesenter, Lavik Helsesenter, Sørsida bygdetun
  • Ved behov for kortvarig utlån, kan du ta kontakt med fysio/ergoterapitenesta eller heimetenesta i det området som er nærast der du bur
  • Du kan låne hjelpemiddel inntil to år. Dersom du har du behov for å låne hjelpemidlar lengre, må du kontakte kommunal ergoterapeut. Du vil då få hjelp til å søke hjelpemidlar for langvarig behov frå NAV Hjelpemiddelsentral.  

Utstyr som ikkje er i bruk må leverast tilbake i reingjort stand så snart som mogeleg, slik at nye brukarar får nyte godt av tilbodet.

Kva kostar det?

Tilbodet er gratis, men det vert teke depositum for kortvarig utlån.

Slik når du oss

De kommunale hjelpemiddellageret held til i første underetasje på Høyanger Helsesenter, Storgata 8, 6993 Høyanger. Du kan ta kontakt på telefon, eller direkte til serviceteknikar.

Kontaktinformasjon for hjelpemiddel

Kontaktinformasjon for hjelpemiddel
Namn Stilling Eining Mobil
Ove Larsen serviceteknikar høyreapparatkontakt Fysikalsk medisin og rehabilitering 992 19 338
Embla Gåsemyr Stedje ergoterapeut Fysikalsk medisin og rehabilitering 992 19 309
Thomas Rørvik einingsleiar Fysikalsk medisin og rehabilitering 992 19 341
Vakttelefon kommunalt korttidslager Heimetenesta i Høyanger 992 19 300
Vakttelefon kommunalt korttidslager Heimetenesta i Lavik 992 19 320
Vakttelefon kommunalt korttidslager Heimetenesta på Sørsida 992 19 322

Langvarig utlån

Du som har ein varig nedsatt funksjon grunna sjukdom eller skade kan ved behov søke Nav Hjelpemiddelsentral om utlån av ulike hjelpemiddel. Det gjeld når du har vanskar i høve rørsle, syn, hørsel, kommunikasjon og kognisjon. Du kan få råd og hjelp frå ergoterapeut i kommunen kring dette.

  • Dersom du har eit langvarig behov (over 2 år) for utlån av hjelpemiddel, kan du få støtte til utlån via Folketrygda. 
  • Ved behov for langvarig utlån, kan du ta kontakt med fysio/ergoterapitenesta. Fysioterapeut eller ergoterapeut vil då hjelpe deg med å finne ut kva hjelpemiddel du treng, og hjelper deg med å søke om varig utlån av dette til NAV Hjelpemiddelsentral Vestland i Førde.
  • Du kan ta kontakt med hjelpemiddelformidlar dersom du har hjelpemiddel som treng reparasjon, eller om du har hjelpemiddel du vil levere tilbake.

Ved behov for akutt hjelp utanom arbeidstid: Ring vakttelefonen til NAV Hjelpemiddelsentral Vestland i Førde, telefon: 407 02 814

Kva kostar det?

Det er gratis å låne hjelpemidlar ved langvarig behov, med nokre få unntak.

Du får hjelpemiddelet utlånt frå NAV Hjelpemiddelsentral, men nokre gonger vert det i staden gjeve tilskot til å kjøpe hjelpemiddelet sjølv.

Høyreapparatkontakt

Vi har ein eigen høyreapparatkontakt for hjelp av og stell av høyreapparat. Du kan få hjelp til reingjering, byte av slangar, batteri, støyping av nye proppar og råd og veiledningi bruk og stell av høyreapparatet. Du kan også få hjelp med timebestilling til Hørselsentralen i Førde.

Besøksadresse er ved kommunalt hjelpemiddellager, Høyanger Helsesenter, Storgata 8. Kontakt servicetekniker Ove Larsen.

Dersom du ikkje kan kome til høyreapparatkontakten, kan høyreapparatkontakten kome heim til deg.

Artikkelliste