Omsorgsstønad

Har du eit særleg tyngande omsorgsarbeid, kan du søke om omsorgsstønad. Stønaden skal gi ein viss økonomisk kompensasjon for det private omsorgsarbeidet du utfører. Kommunen avgjer om du får omsorgsstønad og kva nivå stønaden skal ligge på.

Kva får du?

  • Du får eit fast beløp kvar månad som ei godtgjersle for nokre av timane du bruker på pleie- og omsorgsarbeid i heimen.
  • Du får arbeidsavtale med opplysningar om tal timar, timeløn og andre vilkår.

Krav til søkar:

  • Den hjelpetrengande må bu heime
  • Omsorgsarbeidet må vurderast som særleg tyngande og gjelde nødvendige oppgåver
  • Det må vere søkt om hjelpestønad frå NAV
  • For barn må omsorga klart overstige vanleg omsorg for barn på same alder
  • Den hjelpetrengande må støtte omsorgsgjevar sin søknad om omsorgsstønad
  • Det er ein føresetnad at søkar utfører omsorgsarbeid som elles ville høyre inn under helse- eller omsorgstenesta i kommunen

Slik søker du

Du bruker felles søknadsskjema for helse- og omsorgstenester for å søke om omsorgsstønad:

Søk om omsorgsstønad - papirskjema

Send søknad til:

Høyanger kommune
Tiltaksteam
Postboks 159
6991 Høyanger

Har du spørsmål, ta kontakt med

Kontakt Tiltaksteamet ved leiar på mobil 992 19 305 kvardagar mellom klokka 09.00 og 15.00 om spørsmåla gjeld søknaden.

Kan du klage på vedtaket?

Både omsorgsytaren og den hjelpetrengande kan klage på vedtaket. Klagefristen er fire veker frå du fekk brevet. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Statsforvaltaren i Vestland som siste klageinstans.

Aktuelle lover og forskrifter

Oddveig Eide
Einingsleiar for heimetenesta
E-post
Mobil 99 21 93 05