Kulturminne og kulturmiljø

Kulturminna våre er viktige kunnskapsberarar som er med på å fortelje oss vår historie. Dei kan og vere identitetsberarar som fortel oss kven vi er og kvar vi kjem frå, og er med på å gi oss identitet og rotfeste. Dei viser historiske utviklingstrekk, og kan fungere som eit kikhol inn i fortida. Fortidas kulturminne er med oss i notida og gir oss grunnlaget til å skape framtidas samfunn. Det er difor viktig å gjere dei kjende og tilgjengelege for folk.

Alt kan ikkje takast vare på, difor må vi prioritere. Kulturminneplanen for Høyanger kommune skal fungere som eit verktøy i kulturminneforvaltninga. Planen skal hjelpe oss å ta vare på spora etter fortidas menneskelege aktivitet.

KULTURMINNEPLAN

SEFRAK-registeret over eldre bygningar og den nasjonale kulturminnedatabasen - Askeladden si oversikt over kjende automatisk freda kulturminne, bygg og listeførte kyrkjer er gode kjelder. Ei anna god kjelde er NB!registeret, som er Riksantikvaren sitt register over nasjonale kulturminneinteresser. Desse, og fleire får ein tilgang til mellom anna på www.fylkesatlas.nowww.miljøstatus.no og Riksantikvaren.

Tilskotsordningar

Vestland fylkeskommune skal bidra til å forvalte den nasjonale og regionale kulturarven vår i eit langsiktig perspektiv. Les meir om ulike tilskotsordningar på fylkeskommunen sine nettsider her

Jeanette Wølke Friis Walsvik
Einingsleiar kultur og mangfald
E-post
Telefon 57 71 15 71
Mobil 90 07 61 39