Skjenkeløyve

Serveringsstad der det vert servert alkohol, må ha både serverings- og skjenkeløyve. Vanlegvis vert skjenkeløyve gitt for ein kommunestyreperiode, det vil seie 4 år.

Når treng du skjenkeløyve?

Alle som driv ein serveringsstad og ønsker å skjenke alkohol, må søke om skjenkeløyve. Skjenkeløyve gjeld vanlegvis gjennom gjeldande kommunestyreperiode.

  • Når du har serveringsløyve frå før og ønsker å skjenke alkohol, må du søke om skjenkeløyve.
  • Når du skal starte ein serveringsstad med skjenking, må du søke om skjenkeløyve før oppstart.
  • Når du har teke over ein eksisterande serveringsstad med skjenkeløyve, må du søke om skjenkeløyve. Du kan drive vidare på tidlegare eigar sitt løyve i maks tre månader medan du ventar på at søknaden din vert handsama.

Korleis få skjenkeløyve?

  • Styrar og stadfortredar (varastyrar) må ha bestått kunnskapsprøve i alkohollova for å kunne søkje om skjenkeløyve.
  • Dagleg leiar må ha bestått etablerarprøven for å kunne søke om serveringssløyve.
  • Styrar og stadfortredar (varastyrar) må vere over 20 år.
  • Styrar og stadfortredar må vere tilsett på staden eller arbeide der i kraft av eigarstilling.
  • Det er krav om uklanderleg vandel

Slik søker du

Det kan ta opptil tre månader før du får svar på søknaden. Søk difor i god tid før oppstart.

Søknadsskjema for skjenkeløyve

Vedlegg du må ha med i søknaden:

  • firmaattest for alle selskap som er involvert i drifta. Last ned firmaattesten frå altinn.no.
  • foretaksregisteret si rolleoversikt for fysiske personar som eig meir enn ein tredel av føretaket og for føretaket sin daglege leiar. Last ned rolleoversikt frå altinn.no.
  • skatteattest for driftsselskapet. Du kan bestille skatteattesten på altinn.no.
  • teikning av lokalet med avmerking for inne- og uteservering.
  • bevis/vitnemål frå kunnskapsprøve om alkohollova som stadfestar at styrar og stadfortredar (varastyrar) har greidd prøva.
  • såkalla "konseptutgreiing". Det vil seie opplysningar om kva slag skjenkestad det er, målgruppe, opningstider, eventuell underhaldning eller anna verksemd i tilknyting til skjenkestaden.

Kor lang tid tek det?

Det kan ta opptil tre månader før du får svar på søknaden din. Søk difor i god tid før oppstart. Søknaden blir sendt til politiet for uttale før søknaden blir handsama politisk i kommunen.

Kva kostar det?

Det er gratis å søke om skjenkeløyve. 

Prisen for eit skjenkeløyve blir utrekna på grunnlag av forventa årleg omsatt mengde alkoholholdig drikke. Minstegebyret per år går fram av alkoholforskrifta.

Lover, forskrifter og lokale vedtak