Melding til brannvesenet ved overnatting

Skal du ha overnatting eller arrangement i bygg eller på område som ikkje blir nytta til dette til vanleg, skal du melde frå om arrangementet til brannvesenet i god tid. Dette kan til dømes vere overnatting på skular under store arrangement.  

Brannvesenet må ha melding for å vurdere brannfaren

Brannvesenet  vurderer brannfaren, fastset nødvendige brannsikringstiltak og avgrensingar. I tillegg seier vi noko om eventuelle krav til ansvarleg arrangør.

 

Meld frå om overnatting på skular eller barnehagar 

Lever melding til brannvesenet minst ei veke før det skal vere eit arrangement med overnatting på skular, barnehagar eller andre bygg som ikkje blir nytta til dette til vanleg. 

 

Meldinga må opplyse om

  • kven som er ansvarleg for arrangementet 
  • kva type arrangement det er
  • kor det skal vere
  • tidsrom
  • persontal  
  • kven som er kontaktperson under arrangementet dersom ein brann skulle oppstå

 

Kontakt brann og redning i Høyanger kommune

  • Brannvakt: 992 19 400

 

Store arrangement

Her finn du reglar/retningsliner som gjeld for store arrangement.

Kontakt brannførebyggande personell så tidleg at eventuelle justeringar kan bli gjort i planleggingsprosessen. Store arrangement kan vere både utandørs og innandørs tilstelling som konsertar, folkemøte, LAN, festivalar og liknande.