Høyringsperiode
Planen ligg ute til høyring i periode 06.03.2026 – 27.04.2026
Høyringa omfattar endringar som er gjort etter 1. gongs høyring.
Kva er kommuneplanens arealdel?
Kommuneplanen er kommunen sitt viktigaste styringsverktøy for utviklinga av Høyanger. Planen består av to delar: ein samfunnsdel og ein arealdel. Samfunnsdelen vart vedteken av kommunestyret i 2021 og seier noko om korleis vi ønskjer at kommunen skal utvikle seg i åra framover. Her ligg visjonar, mål og strategiar for utviklinga av kommunen.
No arbeider Høyanger kommune med kommuneplanen sin arealdel. Planen viser korleis areala i kommunen skal brukast og utviklast, og kva område som skal nyttast til ulike føremål – til dømes bustader, næring, friluftsliv, samferdsel og møteplassar.
Kommuneplanen sin arealdel skal bidra til at utviklinga av areal i kommunen støttar opp under langsiktige mål for samfunn- og næringsutvikling i kommunen.
Arealdelen er juridisk bindande og legg føringar for vidare planlegging og byggesaker i kommunen.
Plandokumenta
Planframlegget som no er på høyring består av:
Korleis finne fram og sjå kommuneplankarta via digitale karttenester - Kommuneplanen sin arealdel 2026–2038.pdf (PDF, 488 kB)
Innsyn i sak 21/1680 – Kommuneplanen sin arealdel. Alle saksdokument, innspel og merknader i saka er offentlege og tilgjengelege i kommunen sitt sitt arkiv.
Slik gir du innspel til planen
Frist for å kome med merknader er: 27. april 2026. Innspel kan sendast til: postmottak@hoyanger.kommune.no
eller per post til:
Høyanger kommune
Postboks 159
6991 Høyanger
Merk saka med 21/1680
Føremålet med rullering av kommuneplanens arealdel
Føremålet med planarbeidet har vore å sikre langsiktig og berekraftig arealbruk som legg til rette for ønska vekst og utvikling i kommunen jf. mål i kommuneplanen sin samfunnsdel. I tillegg skal kommuneplanens arealdel sikre at Høyanger kommune har eit oppdatert planverk som tilfredstillar dagens lovverk og retningslinjer, og som samsvarar med faktisk arealbruk
gitt løyve til gjennom dispensasjonar-, bygge- og/eller frådelingsaker, samt reguleringsplanar.
I samband med oppstart av planarbeidet vart følgjande tema prioritet:
•Oppdaterte omsyns- og aktsemdssoner knytt til natur, friluftsliv og naturfare
•Legge til rette for næringsareal i sjø og på land
•Legge til rette for nye bustadfelt/fortette eksisterande bustadfelt
•Forvaltning av strandsona og fjellområder for å avklare arealbruk
•Fokus på stadidentitet Den nye arealdelen omfattar også areal frå tidlegare Balestrand kommune (Lånefjorden til og med Tusvik). I dette området er planverket oppdatert frå PBL 1985 til PBL 2008.
Endeleg vedteken arealplan skal;
•Fastsetje rammene for arealbruken i kommunen.
•Sjåast i samanheng med kommuneplanen sin samfunnsdel og økonomiplan/handlingsdel.
•Vere førande for framtidige prioriteringar, samt politiske og administrative avgjersler.
•Gi informasjon og føringar til innbyggjarar og næringsdrivande om arealbruk i kommunen.
•Vere realistisk. Planlagde tiltak skal forventast gjennomført i gjeldande planperiode.
•Vere i tråd med nasjonale og regionale retningslinjer, omsyn og mål for arealplanlegging
Ta gjerne kontakt med oss på planavdelinga i høyringsperioden dersom du har spørsmål, eller behov for meir informasjon.