OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

Kommuneplan

Kommuneplanen er kommunen sitt overordna styringsdokument og inneheld mål og retningsval for kommunen sin utvikling. Kommuneplanen består av ein samfunnsdel og ein arealdel. Planen vert utarbeidd for ein periode på 12 år og vert vurdert revidert kvart fjerde år. 

Kommuneplanen, som gjeld for heile kommunen, er sett saman av fylgjande hovuddelar:

  • ein samfunnsdel som gjev mål for utviklinga i kommunen og retningsliner for sektorane si planlegging og aktivitet

  • ein arealdel for forvaltning av areal og andre naturressursar for heile kommunen. Arealdelen er sett saman av eit plankart og ein tekstdel med føresegner og retningsliner for arealbruken.

Kommuneplanen er det øvste styringsdokumentet i kommunen sitt styringssystem. Det skal gje rammer for kommunen sine planar og tiltak, og planar for bruk og vern av areal i kommunen. Kommuneplanen inneheld ein samfunnsdel og ein arealdel. Kommuneplanen gjeld ikkje berre kommunen si eiga verksemd, men skal fange opp dei omsyn som er viktige for utvikling av kommunesamfunnet og forvaltninga av arealressursane.

Revisjon av arealdelen 2022

Høyanger kommune skal revidere arealdelen til kommuneplanen, og vil på denne sida samle informasjon og nyhende om dette. Gjeldande arealdel er frå 2016 og det vart då gjort eit omfattande arbeid med å få ein samla kommuneplan med både samfunnsdel og arealdel. 

Sidan førre kommuneplan har Nessane krins vorte inkludert i Høyanger kommune som følgje av endringar i kommunegrenser ved kommunesamanslåingar i 2020. Dette gjer at Høyanger kommune er større i areal, og overtek deler av kommuneplan for tidlegare Balestrand.

Kommuneplanen består av ein samfunnsdel og ein arealdel. Samfunnsdelen inneheld mål og føringar for den langsiktige utviklinga av kommunen, og har strategiar blant anna for arealutviklinga. Denne vart vedteke i kommunestyret desember 2021. I arealdelen konkretiserast arealbruken i kommunen og tek sikte på å vere ferdig utarbeidd i 2023.

Gjeldande kommuneplan er frå 2016, og vil vere det viktigaste grunnlagsdokumentet i arbeidet med å revidere arealdelen. Planen vil i hovudsak vidareførast utan dei heilt store endringane, men med justeringar for å oppnå betre arealutvikling etter behov – og skal vere i tråd med målsettingane som er satt i samfunnsdelen.

Har du innspel til arealdelen?

Klikk på knappen under og fyll ut innspelskjema om konkrete framlegg, eller skriv ein e-post til postmottak@hoyanger.kommune.no dersom innspela er av meir generell art.
 

Kommuneplandokument

Samfunnsdelen 2021-2032 (PDF, 20 MB)

Arealdelen 2016-2028 (PDF, 5 MB)

Kommunekart

Janne Kristin Bøyum
Arealplanleggar
E-post
Telefon 57 71 15 28
Til toppen