Tilskot prosjektmidlar kultur og folkehelse 2026

Kommunen lyser no ut prosjektmidlar til tiltak som skapar aktivitet, trivsel og betre helse for innbyggarane.

Nyoppstarta prosjekt, einskildarrangement og andre tiltak utanom den ordinære drifta av laget gjennom året vert prioriterte.

Prosjektet må vere ein helsefremjande aktivitet. Prioriteringa vert gjort ut frå type prosjekt, og vi prøver å få til ei god fordeling av midlar i heile kommunen.

Aktivitetar som kjem mange av innbyggjarane til gode vert vektlagde, ikkje berre aktivitetar for dei som allereie er medlemmer i laget som søkjer.

MERK: Det vert ikkje gitt tilskot til ordinær drift av laget.

Søknadsfrist: 20. september 2026

Les meir:

Tilskot- prosjektmidlar kultur og folkehelse

Kristina Skogly
SLT og Folkehelsekoordinator
Telefon 57 71 15 05