Helsestasjon for ungdom

Helsestasjon for ungdom er eit tilbod til deg som er i alderen 13 til 20 år. Tilbodet er eit suplement til skulehelsetenesta. Ungdomshelsestasjonen har ope kvar onsdag frå kl 14.30 til kl 16.30. Du treng ikkje tinge time på førehand og tilbodet er gratis.

På ungdomshelsestasjonen kan du få råd og rettleiing om rus, røyk, alkohol, seksualitet, prevensjon, kjønnssjukdommar, psykiske problem, fysisk aktivitet og kosthald. Du møter både helsesøster/jordmor og lege. Du kan få råd og rettleiing av fagpersonane som er på helsestasjonen eller dei kan vise deg vidare til spesialist. Målgruppa er ungdom opp til 20 år.

Vanlege tema å ta opp med helsesøster er:

  • trivsel
  • kosthald
  • kroppen si utvikling
  • prevensjonsrettleiing
  • sjekk av seksuelt overførbare sjukdomar
  • rus
  • stress/psykiske problem
  • graviditet

Ungdomshelsestasjonen finn du på helsestasjonen i 3. etasje på Høyanger helsesenter.

Publisert av Anita Taftø. Ansvarleg Leiande helsesøster. Sist endra 20.10.2015 av Anita Taftø

Kontakt

bilde av personen: Elisabeth Sæbø
Leiande helsesøster

 

 
 
Login for redigering