6 veker til 6 månader

Unntaksåret – det første året som foreldre 

Det å få barn er kanskje ei av dei største omveltingane ein kan erfare i livet. Det kan kjennest både fantastisk og ufantastisk, gjevande og krevande. I denne filmen deler nokre foreldre sine erfaringar med å få barn. 

Barnevaksinasjonsprogrammet

Sjå oversikt over vaksinene som er tilrådd for barn i Norge, samt filmar om korleis vaksinasjon føregår på helsestasjonen, kva de bør vite på førehand og eventuelle biverknader som kan komme.

Barnevaksinasjonsprogrammet

 

Amming, flaskemating, D-vitaminbehov og honning

Helsenorge har samla alt du treng å vite om spedbarnsmat og amming. Der finn du også lenker til andre nyttige sider med råd for foreldre og spedbarn.

Barn som blir amma bør få tilskot av D-vitamin i form av dropar eller spray. Barn som er ernærte med morsmjølkerstatning treng ikkje tilskot. Tran er ikkje tilrådd før barnet er 12 månader. Meir info om dette i lenka over.

Spedborn og honning

 

Barselgrupper

Vi har nyleg starta opp igjen barselgrupper ved Høyanger helsestasjon. Målet er at foreldre skal få utvida nettverket sitt og treffe andre foreldre med barn på om lag same alder. Vi ser at dette har ein stor verdi for mange. Ta kontakt om du ønskjer delta i barselgruppe. Dei tre første treffa blir arrangerte av helsesjukepleiar, før gruppa tek ansvaret for vidare avtalar.

Forstå barnet si utvikling

Barnet er avhengig av deg for å kjenne seg trygg og utvikle seg. Dei yngste barna uttrykker ønske og behov for kontakt på ulike måtar - i takt med si eiga utvikling. Barnet ditt treng at du prøver å tolke signala og at du "svarer" på ein god måte. Ved å lære meir om kor barnet ditt er i utviklinga si, vil du kunne stimulere og møte barnet der det treng deg akkurat no.

Barnets utvikling 0-5 år

Motorisk utvikling hos spedbarn

Kvart barn er heilt unikt, og tidspunkt for milepælar ved den motoriske utviklinga vil variere. Barnet treng ro, tid og sjansen til å øve masse. Dette kan for eksempel vere ved å ligge på fanget ditt, på ei leikematte eller på stellebordet. La barnet ligge nokre minutt på magen kvar gong det er vakent og opplagt. Mange foreldre er usikre på kva dei kan forvente og korleis ein legg til rette for god utvikling.

Barn bør ikkje sitte på golvet før det greier å sette seg opp sjølv. Å sitte på fang med god støtte er ok.

Sjå film om motorisk utvikling frå 0-15 månader:

Søvn, døgnrytme, rutinar

Dei første tre månadane styrer barnet i stor grad sjølv når det treng å sove, og det kan trenge mykje støtte til søvnen sin. Etter om lag 3 månader startar kroppen å produsere hormonet melatonin som regulerer trøyttheitskjensla. Då kan ein begynne å venne barnet til at det er forskjell mellom natt og dag, og lage kveldsrutinar. På dagtid ser ein gjerne eit mønster i søvn og våkenheit i form av kor lenge barnet er opplagt før det treng sove. Dette kan hjelpe dykk til å etablere passande rutinar for dagsøvn. Prøv å kvile når barnet ditt gjer det.

Søvn og babyar

 

Sjukdom hos spedbarn

Mange foreldre lurer på når dei skal kontakte lege. Vurdering av allmenntilstanden vil vere avgjerande. Endra allmenntilstand vil seie at barnet er annleis enn det brukar å vere, for eksempel trøyttare/slappare enn vanleg, et og drikk mindre enn det pleier, tørre bleier, er sutrete eller utilpass på anna vis. Ein skal ha lågare terskel for å kontakte lege når det gjeld spedbarn samanlikna med større barn og vaksne. Er barnet tydeleg slapt eller smertepåverka utan klar årsak bør de kontakte lege, uavhengig av om det har feber. 

Barnesjukdommar og vanlege plagar hos barn

 

Førebygging av skader og ulukker

Alle nybakte foreldre er engstelege for at det skal skje noko med barnet deira. Med nokre få tryggleikstiltak kan dykk få ein god balanse mellom naturleg leik og utfalding, og sikre omgjevnadar både inne og ute.

Sikkerheit for nyfødde og spedbarn