Jungel av informasjon, ver kritisk
Det er ein jungel av informasjon til gravide og foreldre på internett, og i appar, magasin og bøker. Vi vil tilrå at de vurderer nøye kva kjelder de hentar informasjon frå. Informasjonen vi deler kjem frå nettstadar vi stolar på.
Det går ikkje an å stille førebudd til alt som vil komme, for kvart barn og kvar familie vil ha ulike behov. Mykje kan ein ikkje lære seg ved å lese, men ved å erfare og søke råd frå erfarne støttespelarar langs vegen. Mange nybakte foreldre opplever å få velmeinte råd frå familie og andre, men lytt til magekjensla og stol på deg sjølv.
Barseltida
Dei første seks vekene etter fødselen kallar vi barseltida. Helsenorge har samla mykje relevant informasjon om både mor si helse, trivselsteikn hos barnet, spedbarnsstell, farskapserklæring og liknande.
Ca. 8 veker etter fødsel har vi fokus på deg som forelder og di psykiske helse. Her nyttar vi eit spørjeskjema for å kartlegge den psykiske helsa, og tilbyr støttesamtalar eller hjelper deg i kontakt med andre ved behov. Hugs, vi er her for både deg og barnet.
Samkøyrde som foreldre
Å justere forventningar til partnar og bli samkøyrde som foreldre kan vere utfordrande. Snakk saman om det de erfarer og kva tankar de har. Ver raus med deg sjølv og partnaren din i denne fasen, som kanskje er ei av dei største omveltingane de opplever i livet. Eit godt parforhold er noko av det beste de kan gje barnet dykkar! Les gjerne tips 9: Gjør hverandre gode (Stine Sofie Foreldrepakke).
Helsestasjonen si rolle
Alle får tilbod om heimebesøk etter fødsel. Vi ønskjer å etablere kontakt tidleg, fint om begge foreldre er heime. Vårt mål er å støtte dykk i foreldrerolla slik at barn får ein trygg og god oppvekst. Helsestasjonstenesta er eit lågterskeltilbod, og vi arbeider for å fremje god helse og førebygge sjukdom og skade. Difor kan du komme til oss med både smått og stort. Ikkje nøl med å ringe eller stille spørsmål (Telefon: 57711612).
I starten set vi opp avtalar kvar månad og seinare kvar 2. månad – dette avtalar ein for kvar gong. Når barnet vert eldre sender vi innkalling ved 2 år og 4 år, og set elles opp timar ved behov. I løpet av treffpunkta på helsestasjonen er det ulike tema som rutinemessig vert tatt opp. Eksempelvis utvikling, søvn, kosthald, fysisk og psykisk helse, samspel, rus, familieforhold og vald. Vi har barnet i sentrum, men fordi foreldre er avgjerande for barnet si helse og utvikling vil vi også spørje korleis de har det. Hos Helsenorge kan du også lese meir om helsestasjonstenesta og kva de kan forvente ved dei ulike helsekontrollane vi tilbyr frå fødsel til skulestart.
Alle tilsette ved helsestasjonen har teieplikt.
Om søvn, samspel og støtte til både liten og stor
Eit tema sped- og småbarnsforeldre diskuterer mykje er søvn. Å ha små barn i huset kan ofte svekke søvnkvaliteten og gje kortare søvn. Søvn er viktig for utviklinga til barna, men det er også viktig at foreldre er utkvilte og har overskot til å dekke barna sine behov om dagen. For lite søvn kan fort gå ut over humøret og samarbeidet mellom foreldra. Sov på skift. Prioriter kvile og søvn framfor husarbeid og gjester som inviterer seg sjølve. Hjelp barnet ditt til best mogeleg søvn. Snakk med oss når søvnen er utfordrande.
Les meir om søvn:
Krybbedød
Krybbedød er ein tilstand der eit barn dør plutseleg utan at ein finn noko årsak. Det er tiltak som kan redusere risikoen. Det aller viktigaste er at spedbarn skal sove på ryggen, og at spedbarnet ikkje skal sove i foreldresenga dersom ein av dykk røyker, snusar eller er påverka av alkohol eller medisinar.
Bygging av babyen sin hjerne
Starten på livet påverkar korleis heile livet blir. Difor brukar ein uttrykket "ein god barndom varer livet ut". Barnehjernen er under enorm utvikling, og barnet sine erfaringar er i stor grad med på å påverke utviklinga. Vi håpar de tek dykk tid til å sjå filmen "I trygge hender" som forklarar korleis hjernebygginga skjer, kva som gir grunnlag for god utvikling og kva som kan vere skadeleg.
Søvnassosiasjonar - kva er det?
Dei fleste spedbarn vil ha behov for hjelp til å sovne dei første vekene, kanskje månadane, i livet. For mange blir løysinga å sovne ved mor sitt bryst eller med ei flaske i munnen. Andre vil helst sovne inntil ein trygg kropp, eller bli byssa i søvn. Å sove i vogn medan den rører seg er noko mange spedbarn likar. Etter kvart vil mange foreldre kjenne på eit ønske om å få barnet til å sovne utan at det inneber amming, byssing eller trilling.
Ein søvnassosiasjon er noko ein person knyter til det å sove, altså det personen pleier å erfare rett før innsovning. Både amming, byssing, trilling, nattasang og "white noise" er eksempel på søvnassosiasjonar. Forsøk å venne barnet til variasjon ved innsovning. Å alltid amme barnet i søvn kan vere fint dei første vekene, men mange vil kjenne det som strevsomt om dette blir den einaste løysinga for søvn når barnet er større.
Smokk og koseklut
Smokken kan hjelpe barnet til å roe seg og er ein god følgesvenn og søvnassosiasjon for mange. For barn som ikkje vil ha smokk kan det vere fint å ha ein annan gjenstand som gir signal om at det er sovetid, eksempelvis ein "koseklut". Ha den gjerne inni BH'en før bruk slik at barnet kjenner den trygge og gode lukta av mor når kosekluten blir presentert. Det kan ta tid å venne barnet til kosekluten, men når den først er etablert som søvnassosiasjon er den veldig verdifull og blir gjerne brukt i fleire år. Pass på at kosekluten er liten og lett, slik at den ikkje er til hinder for oksygentilførselen til barnet om den blir liggande nær ansiktet.
Alt du treng å vite om spedbarnsmat og amming finn du på Helsenorge og Ammehjelpen. Her finst spørsmål, svar og videoar om blant anna amming, morsmjølkerstatning, vitamintilskot, såre brystknoppar og gulping. Der finn du også lenker til andre nyttige sider med råd for foreldre og spedbarn.
Barn som blir amma bør få tilskot av D-vitamin frå 1 vekes alder i form av D-vitamindropar/-spray frå apoteket. Barn som er ernærte med morsmjølkerstatning treng ikkje tilskot. Tran er ikkje tilrådd før barnet er 12 månader.
Ikkje gje honning til barn under 1 år.