På bakgrunn av eit tverrfagleg team beståande av helsesjukepleiar, vernepleiar lege og psykolog, vil dette tilbodet vere med å danne eit heilskapleg bilete av problemstillinga og vil difor vere ein fin inngangsport til andre tenester som kommunen tilbyr, dersom dette vurderast som nødvendig.
Kven kan nytte psykisk helseteam?
Teamet er for alle barn og unge i alderen 0 - 18 år som opplever psykiske plager eller strevar med vanskelege tankar og kjensler. I tillegg tilbyr teamet foreldrerettleiing gjennom "Tunin in to Kids" kurs, samt oppfølging og behandling i forbindelse med fødselsdepresjonar og reaksjonar.
Teamet er hovedsakleg retta mot milde til moderate psykiske helseplager, men kan hjelpe i forbindelse med vidare henvisning til spesialisthelsetenesta dersom det er skulle vere nødvendig.
Slik når du oss
Det jobbast for å etablere ei digital løysing. Før digital løysing, kan du fylle ut henvisningsskjema psykisk helseteam barn og unge og sende det til:
Høyanger kommune, Psykisk helseteam barn og unge, postboks 159, 6991 Høyanger.
Det er også mogleg å hente skjema på legekontoret.
Teamet har telefontid onsdagar kl. 09:00 - 10:00. Telefon: 480 64 267.
Søknadsfrist
Det er ingen søknadsfrist. Det er fortløpande inntak til tenesta.
Saksgang og klage
Etter at du har sendt inn kontaktformular, vil du bli kontakta i løpet av 3 veker av psykisk helseteam. Her vil du få svar på tilvisning og eit eventuelt tilbod.
Du kan klage på vedtaket innan ein frist på fire veker frå du har motteke brevet. Grunngje kvifor du klagar.
Dersom kommunen ikkje endrar vedtaket, blir saka sendt vidare til Statsforvaltaren som siste siste klageinstans.
Pris
Tenesta er gratis.
Meir om tenesta
Psykisk helseteam skal gi koordinerte og samordna tenester og skal jobbe for den enkelte sin livskvalitet og verdigheit. Psykisk helseteam består av ein vernepleiar, lege, helsesjukepleiar og ein psykolog med fagansvar. Teamet skal tilby ei heilskapleg teneste utifrå den enkelte sine behov.
Vi ønsker at terskelen skal vere låg for å ta kontakt. Alle møter ulike problemstillingar i løpet av livet og handterer dei på ulike måtar. Nokon taklar utfordringar godt, medan andre treng å jobbe litt meir med dei. Vi vil hjelpe deg med å møte slike utfordringar på ein best mogleg måte som passar deg.
Tenesta kan mellom anna tilby:
- individuell oppfølging
- familiesamtalar
- foreldrerettleiing
- behandling av fødselsdepresjonar- og -reaksjonar
- henvisning til behanlding i spesialisthelsetenesta i samarbeid med fastlegen dersom det vurderast som nødvendig.
Tenesta er ikkje eit akuttilbod. For akutt hjelp, kontakt 113/fastlege/legevakt (116 117).
Teamet består av:
Teamet er tverrfagleg og består av
- kommunepsykolog Tor Larsen
- vernepleiar Alette Norevik
- sjukepleiar Guro Grønvold
- LIS1 lege