Skjenkeløyve for enkeltarrangement eller private selskap (ambulerande skjenkeløyve)

Ved arrangement der det skal serverast og skjenkast alkoholhaldig drikk, må du søkje kommunen om skjenkeløyve (med nokre unntak, sjå nederst i denne artikkelen). Kva type løyve du må søkje kommunen om, vil vere avhengig av arrangementet. 

Søk ambulerande skjenkeløyve/skjenkeløyve for ope arrangement  

Retningsliner for sals- og skjenkeløyve i Høyanger kommune (PDF, 965 kB)

Skjenkeløyve for ope arrangement

Skal du ha arrangement som er ope for publikum, i lokale utan skjenkeløyve eller utandørs på eit avgrensa område, må du søke skjenkeløyve for einskildhøve. Einskildhøve vert i denne samanhengen definert som eit arrangment som varer maksimalt samanhengande 6 dagar.

Det skal vere ein skjenkeansvarleg med stadfortredar i tilknytning til løyvet.

Ved store arrangement må du rekne med at vert sett vilkår om at styrar har avlagt kunnskapsprøven i alkohollova. Det kan òg settast vilkår om aldersgrense, vakthald, krav til skjenkeareal med meir.

Før løyvet vert gjeve, skal det innhentast uttale frå politiet. Sakshandsamingstida for skjenkeløyve for einskildhøve er 21 dagar.

Søknadsplikt og meldeplikt til politiet

Skal du halde arrangement på offentleg stad, kan du òg ha søknadsplikt til politiet. Det er meldeplikt til politiet dersom du vil lage til eit arrangement som er allment tilgjengeleg sjølv om arrangementet ikkje går føre seg på offentleg stad. Dette går fram av §§ 25 - 26 i politivedtektene i Høyanger kommune, og politilova § 11. Ta kontakt med Høyanger politistasjon i god tid før arrangementet.

Skjenkeløyve for lukka arrangement- ambulerande skjenkeløyve

Dersom du skal servere alkoholhaldig drikk i eit privat/slutta selskap som for eksempel bryllaup, jubileum eller internt firmaarrangement, må du søkje om ambulerande skjenkeløyve dersom

  • du tek betalt for alkoholhaldig drikk
  • lokalet arrangementet skal vere, i berre har eit serveringsløyve
  • du leiger lokale og utleigaren er involvert i selskapet ut over det å stille lokalet til rådvelde
  • du leiger lokale i offentlege lokale og samfunnsdelen ved skulane i kommunane

Ambulerande skjenkeløyve vert berre gitt til stader som ikkje allereie har alminneleg skjenkeløyve. Dersom arrangementslokalet allereie har skjenkeløyve, må løyvehavar skjenke.

Ambulerande skjenkeløyve vert berre gitt til lukka arrangement der alle gjestane er særskilt inviterte og har meldt seg på arrangementet på førehand. Selskapet kan ikkje vere ope for utanforståande. Det vil seie at gjestane ikkje kan vere invitert via annonser, plakatar eller sosiale medier. I slike tilfelle må du søke om skjenkeløyve for ope arrangement.

Det skal vere ein skjenkeansvarleg i tilknytning til løyvet. Normalt vil det ikkje vere naudsynt med krav om stadfortredar ved ambulerande løyve.

Før løyvet vert gjeve, skal det innhentast uttale frå politiet. Sakshandsamingstida for ambulerande skjenkeløyve er 10 dagar.

Høyanger kommune har to ambulerande skjenkeløyve.

Utviding av eksisterande skjenkeløyve for einskildhøve 

Det kan giast utvida skjenkeløyve for eit einskildhøve til alle typer arrangement ved eit serveringsstad som allereie har eit allment skjenkeløyve. Utviding av eksisterande skjenkeløyve for einskildhøve kan utvidast til å gjelde

  • i tilleggslokale eller utandørs, i umiddelbar nærleik til serveringsstaden
  • drikke med høgare alkoholprosent enn staden i utgangspunktet har løyve for
  • utvida opnings- eller skjenketid

Søknadsfrister og sakshandsamingstid

Skal du søkje om skjenkeløyve for ope arrangement, ambulerande skjenkeløyve eller utviding av eksisterande løyve, må du søkje på elektronisk skjema. Bruk link til skjema øvst i denne artikkelen.

Søknadsfristen for skjenkeløyve for ope arrangement og utviding av eksisterande løyve er 21 dagar. Forventa sakshandsamingstid er 21 dagar. Søknadsfristen for ambulerande skjenkeløyve er 10 dagar, og forventa sakshandsamingstid er 10 dagar.

I desse tilfella treng du ikkje søkje om skjenkeløyve

  • Du treng ikkje søkje dersom arrangementslokalet allereie har alminneleg skjenkeløyve. Då må løyvehavar skjenke. Medbrakt er ikkje lov.
  • Det kan serverast alkohol utan løyve i eit leigd lokale når ein privatperson arrangerer selskap for ein slutta krets av familie eller vener. Alkoholserveringa må føregå utan betaling, og utleigar kan ikkje stå for andre deler av arrangementet enn sjølve utleige eller utlånet av lokalet. Dette gjeld berre alkoholservering innandørs. Alkoholservering på utandørsareal i tilknytning til serveringslokalet kan vere løyvepliktig.
  • Alkoholservering som det ikkje vert teke betaling for, kan føregå utan løyve, når eigar eller leigar av allment tilgjengelege lokale disponerer lokala til eige bruk til slutta selskap.
  • Alkoholservering som det ikkje vert teke betaling for, kan føregå utan løyve, når den som driv eller er tilsett i ei verksemd nyttar lokala i verksemda til eige bruk til slutta selskap. Varene må vere privat innkjøpt, og løyvehavar må kunne godtgjere dette.