Planprosess

Plan- og bygningsloven fastsett at det skal utarbeidast reguleringsplan for områder der det skal gjennomførast større bygge- og anleggsarbeid. Ein reguleringsplan er ein politisk vedteken plan over eit avgrensa område. Reguleringsplanen fastsett korleis området kan brukast og kva som kan byggast der. Planen består av ein planomtale og eit kart med føresegner (reguleringsbestemmingar).

Føresegnene gir konkrete føringer for kva som kan gjerast på området.