Høyanger kommune sin kulturpris for 2025 vert tildelt Fjordbrass Lavik

Utval for samfunn gjorde i møte 14.11.2025, sak 020/25 vedtak om å tildele kulturprisen for 2025 til Fjordbrass Lavik.

Møte i kommunestyre 11.12.2025

Torsdag 11.12.2025 er det møte i kommunestyret. Her kan du sjå kva saker dei skal handsame.

Folkemøte om høyringsutkastet til barnehage- og skulebruksplan

 Det vert halde folkemøte i samband med høyringsutkastet til skule- og barnehagebruksplan for Høyanger kommune 2026–2031.

Framlegg til skulerute for skuleåret 2026 - 2027

Forskrift om skulerute for grunnskulane i Høyanger kommune skal på høyring.

Refleksjuletre – ta med deg tryggheit!

I desse mørke vintermånadene er det ekstra viktig å bli sett i trafikken. Høyanger er ein trafikksikker kommune, difor har vi sett fram eit refleksjuletre, der alle er velkomne til å ta med seg ein refleks. Det er ein enkel, men effektiv måte å auke tryggleiken på – både for dei som går til skule, jobb eller turar i nærmiljøet.

🎄 Førjulskveld hos BUA – ein kveld full av aktivitetar, latter og julestemning!

BUA og Frivilligsentralen inviterer små og store til ein triveleg førjulskveld onsdag 3. desember klokka 17, der både juleglede og fellesskap står i sentrum. Vi gjer klart til ei skikkeleg koseleg samling – og du er hjarteleg velkomen!

Vi treng fleire samarbeidspartnarar i arbeidslivet – vil di verksemd vere med?

Høyanger kommune ønskjer no å styrkje samarbeidet med lokalt næringsliv for å gi fleire deltakarar i Introduksjonsprogrammet ein god start i arbeidslivet. Mange av dei som kjem hit har både kompetanse, motivasjon og eit sterkt ønske om å bidra – og vi veit at erfaring frå ein lokal arbeidsplass er nøkkelen til å lykkast.

Iverksetting av ruteendring, båtruta Vik-Ortnevik-Nordeide

Frå fredag 21. november blir det ruteendringar fredag og søndag. 

Bli frivillig på språkkaféen i Høyanger!

Er du interessert i språk og kultur?Likar du å prate om livet i Høyanger og Noreg?Spelar du gjerne spel – eller tek ein kopp kaffi i godt lag?

Høyring om plan for barnehage- og skulestruktur i Høyanger kommune

 Her finn du høyringsbrev til plan for barnehage- og skulestruktur i Høyanger kommune. Planperiode er 2026 - 2031. Høyringsfrist: 11. januar 2026

Kine Larsen Lægreid
Planleggar
E-post
Telefon 57 71 15 87
Mobil 45 14 20 74
Rønnaug Meek
Dagleg leiar for Høyanger Frivilligsentral/Høyanger kommune
E-post
Mobil 99 21 94 08