Redusert foreldrebetaling - skule- og barnehageåret 2023/2024

    No kan du søkje om redusert foreldrebetaling for skule- og barnehageåret 2023/2024

Godkjente listeforslag

Valstyret gjorde i møte 04.05.2023, vedtak om at følgande listeforslag til kommunestyrevalet 2023, er godkjent:       Arbeiderpartiet Senterpartiet Raudt Høgre Sosialistisk Venstreparti Industri- og Næringspartiet

Gratulerer med frigjerings- og veterandagen 8. mai!

Vi heidrar dei som ga sitt liv for fridom og sjølvstende for landet vårt under 2. verdskrig 1940 – 1945, og alle som har tent Norge gjennom deltaking i internasjonale operasjonar.

Last ned og bli med- Trimpoeng 2024

Høyanger kommune sitt bedriftsidrettslag startar opp med ny Trimpoeng-konkurranse for 2024, med oppstart 01. mai. Her er det lagt inn alt frå korte, enkle turar, til meir krevjande turmål i heile kommunen. Alle med mobil kan delta. 

Leige av bustad

Kommunen kan få bruk for leigebustader til personar som skal busettast med hjelp frå kommunen.

Høyring om mellombels flytting av elevar frå Vadheim oppvekstsenter

Her finn du høyringsbrev for mellombels flytting av elevar frå Vadheim oppvekstsenter frå skuleåret 2023/2024. Høyringsfrist er 5. mai 2023.     Høyringsbrev

Endring av gebyr for brann og feiing

Høyanger kommunestyre vedtok i sak 035/22 endring av gebyrregulativet for brann og feiing.  Intervall for feiing og tilsyn vert fastsett ut frå fyringsanleggets tilstand, sotmengd, fyringsmønster med meir. Hyppigheita for feiing og tilsyn vil såleis variere frå bygning til bygning. Ut frå dette er det innført eit differensiert gebyrsystem der alle som har pipe/eldstad betaler eit administrasjonsgebyr på kr. 300,-. pr. år.  I tillegg vil det bli fakturert kr. 950,- for utført feiing og kr. 950,- for utført tilsyn. (prisane er inkl. mva.)  

Arbeid med frivilligpolitisk plattform i Høyanger kommune

Høyanger kommunen ønsker å utvikle og vedta ein Frivilligpolitisk plattform og har i Frivillighetens år 2022 gjennomført tre dialogmøter med innbyggarane. Vi har gjennomført møte 7. april på Kyrkjebø, 1. september i Lavik og 5. desember i Høyanger.  

Hovudopptak for plass i barnehage og skulefritidsordning 2023

  Alle som ønskjer plass i barnehage og/eller skulefritidsordning frå 01.08.2023, sender elektronisk søknad, via kommunen si heimeside innan 15. mars 2023.  

Tilgangsbevis på miljøstasjonane

SIMAS har innført tilgangsbevis for å levere avfall på miljøstasjonane. Dette gir redusert pris på avfallet du leverer.

Kine Larsen Lægreid
Kultur- og folkehelsekoordinator
E-post
Telefon 57 71 15 87
Mobil 45 14 20 74
Rønnaug Meek
Dagleg leiar for Høyanger Frivilligsentral/Høyanger kommune
E-post
Telefon 57 71 16 58
Mobil 99 32 13 22