Menn i helse

Er du – eller kjenner du – ein omsorgsfull mann mellom 19 og 55 år som kunne passe til å jobbe i helsesektoren? 

Nasjonal heider til det førebyggjande arbeidet i Høyanger

Høyanger kommune er vald ut som eit av ni nasjonale føregangsdøme i SKAFOR sin nye tiltaksbank. Dette er eit resultat av godt samspel mellom kommunen, frivilligheita og andre lokale aktørar.

Du finn Simas sin avfallskalender ved å søke opp adressa di

No slepp du å bla i Simas sin tømmekalenderen som PDF. Du kan søke opp adressa di øverst på nettsida og få opp dato for neste tømming.

Vasslekkasje Høgebakkane - brot utbetra

Brotet er utbetra og alle har fått tilbake vatnet på Høgebakkane.  

25-årsjubilantar og dei som har tatt fagbrev i 2025

I 2025 har Høyanger kommune ni tilsette med 25-års teneste i kommunen og tre som har tatt fagbrev. Desse vart heidra under ei markering torsdag 11. desember 2025 på Øren Hotel. 

Høyanger kommune sin kulturpris for 2025 vert tildelt Fjordbrass Lavik

Utval for samfunn gjorde i møte 14.11.2025, sak 020/25 vedtak om å tildele kulturprisen for 2025 til Fjordbrass Lavik.

Folkemøte om høyringsutkastet til barnehage- og skulebruksplan

 Det vert halde folkemøte i samband med høyringsutkastet til skule- og barnehagebruksplan for Høyanger kommune 2026–2031.

Framlegg til skulerute for skuleåret 2026 - 2027

Forskrift om skulerute for grunnskulane i Høyanger kommune skal på høyring.

Refleksjuletre – ta med deg tryggheit!

I desse mørke vintermånadene er det ekstra viktig å bli sett i trafikken. Høyanger er ein trafikksikker kommune, difor har vi sett fram eit refleksjuletre, der alle er velkomne til å ta med seg ein refleks. Det er ein enkel, men effektiv måte å auke tryggleiken på – både for dei som går til skule, jobb eller turar i nærmiljøet.

Vi treng fleire samarbeidspartnarar i arbeidslivet – vil di verksemd vere med?

Høyanger kommune ønskjer no å styrkje samarbeidet med lokalt næringsliv for å gi fleire deltakarar i Introduksjonsprogrammet ein god start i arbeidslivet. Mange av dei som kjem hit har både kompetanse, motivasjon og eit sterkt ønske om å bidra – og vi veit at erfaring frå ein lokal arbeidsplass er nøkkelen til å lykkast.