Sandvika/Villabyen – oppdatert 19.08.2026
På grunn av arbeid på vassleidningsnettet har ein måtta kople over på B-vatn. Det blir difør innført kokepåbod. Dei abonnentane dette gjeld har fått direkte varsel. Det vil bli sendt ut ny melding når kokepåbodet blir oppheva.
Bjordal/Førsund vassverk - oppdatert 19.08.26
På grunn av funn av intestinale enterokokkar i vassprøvar frå Bjordal/Førsund vassverk er det innført kokepåbod. Dei abonnentane dette gjeld har fått direkte varsel og det vil bli sendt ut ny melding når kokepåbodet blir oppheva.
Les meir her
Kyrkjebø vassverk - oppdatering 01.07.2026
Etter oppdatert informasjon frå FHI kan vatnet nyttast til matlaging. Det er framleis drikkeforbod for vatnet frå Kyrkjebø vassverk.
Les meir her