Høyanger kommune sin kulturpris for 2023 er tildelt Kyrkjebø Hagelag

Kulturprisen 2023 er tildelt Kyrkjebø Hagelag. Prisen vart utdelt på ei markering torsdag 14. desember 2023 på Øren Hotel. 

Merksemd til dei som tok fagbrev i 2023

Høyanger kommune heidra dei som tok fagbrev i 2023, under ei markering torsdag 14. desember 2023, på Øren Hotel.  

25-års jubilantar i Høyanger kommune 2023

I 2023 har Høyanger kommune ni tilsette med 25-års teneste i kommunen.  Jubilantane vart heidra under ei markering torsdag 14. desember 2023 på Øren Hotel, der dei fekk utdelt gåvekort frå kommunedirektør Ørjan Haram og ordførar Petter Sortland. 

Blomsterbed ved rutebilstasjonen

Høyanger kommune vart kontakta av ein hageglad innbyggar som ved rydding i hagen fekk mykje plantar til overs, og lurte på om vi kunne bruke desse. Dette var ein hyggeleg gest vi set pris på, og har funne ein lett synleg stad for dei fleste i Høyanger til plantene.Vi takkar så mykje - og kom gjerne forbi rutebilstasjonen og sjå!

Offisiell opning av nytt barneskitrekk ved Siplo Skisenter FREDAG 3. februar kl 17:00

Endeleg er nytt barnetrekk på plass. Det vert offisiell opning ved ordførar Petter Sortland, ulike helsingar og mykje moro for liten og stor. 

Opptak av folkemøte om vindkraft 23.01.2023

Her finn du opptak av folkemøte om vindkraft, som vart arrangert i Høyanger samfunnshus 23.01.2023.

Tilsetting kommunalsjef Samfunn

Kommunedirektøren har tilsett Jan Kaare Hellevang i stillinga som kommunalsjef Samfunn.

Kulturprisen 2022 tildelt Johnny Litsheim

Kulturprisen for 2022 er tildelt Johnny Litsheim. Ordførar, Petter Sortland, og leiar for utval for kultur og folkehelse, Birgitta Hagen Kyrkjebø, delte ut prisen 08.12.2022. 

25-års jubilantar 2022

I 2022 har Høyanger kommune 20 tilsette med 25-års teneste i kommunen.  Jubilantane vart heidra under ei markering torsdag 8. desember 2022, der dei fekk utdelt gåvekort frå kommunedirektør Ørjan Haram og ordførar Petter Sortland.  

Merksemd til dei som tok fagbrev i i 2022

Tilsette som tok fagbrev i 2022 vart heidra under ei markering torsdag 8. desember 2022. Desse tok fagbrev i 2022: Åshild Osland, Anny Malene Mjell, Ida Espe (ikkje tilstades).